Øvre Ljøen. Her bur vi.


Øvre Ljøen ligg vakkert til, med utsikt over innlaupet til den verdskjende Geirangerfjorden.




Garden ligg bratt til, men her trivast vi godt, både tobeinte og firbeinte. For tida er det berre eg og husbonden, sju gjetarhundar, to katter og 50 vinterfora sau på garden. Sauane er av rasane norsk pelssau, og gamalnorsk spæl. Frå beitesesongen 2012 har sauene gått på heimebeite. Slik pleier dei kulturlandskapet, samstundes som det sparer oss for tungt slåttearbeid i bratt lende.

Gjetarhundane våre gjer god nytte for seg både heime og ute i arbeid for andre sauebønder. Kapo er faktisk litt av ein kjendis i lokalsamfunnet vårt. 

Fortress Kapo måla av Christer Sjøgren

Gjeting er vår størst hobby og lidenskap.
Siste åra har vi tilbrakt ferien vår på gjetarhundkurs med Derek Scrimgeour på "Pensionat Udden" i Skinnskatteberg, Sverige. 
Men vi kan godt feire 17.mai på treningsfeltet på eigen gard også.

For å auke kunnskap innan gjeting er det nyttig å konkurere med andre. Då skjerpar vi oss, og trening vert viktigare. Vi har ein fin treningsbane på Tynes i Sykkylven som er heimebane for oss som er medlemmar i Indre Sunnmøre Gjetarhundlag. Vi har og to marker heime kor vi trenar fleire dagar i veka.

Men når vi verkeleg skal slappe av, da går vi opp på setra., ca. en times gange frå gardstunet. Her senker freden seg, for både oss og hundane....

 og utsikta er ikkje dårlegare oppå setra heller:)