Trykkblokker

Mi Kjære søster har fått låne ei trykkblokk som kjem frå Hestnes i Valsøyfjord. Dette er garden farmora vår Karen Botten, f. Hestnes kjem frå. Her var det garveri og fargeri. Raudt stoff med svart trykk var populært og trykkemetoden var utbredt i Norge mellom 1850 og 1910 

Anne har kopiert opp trykket, og no er ny trykkblokk bestilt. Utruleg artig Å ta vare på gamle tradisjonar.

Ei slik blokk kan settast saman for å trykke store skinn eller stoff. Her er fire blokker sett saman.

Eg hadde lyst til å kunne kombinere denne største blokka med nokre mindre og fekk Fjellform til å spesiallage dei tre andre.

Kjekt å ha mange trykkblokker å velge blant. Eg har kjøpt alle mine hos Fjellform på Geilo.





















Tre ulike hjørner.

Ni ulike bordar.





I tillegg til desse har eg heile alfabetet og tala frå 0-9



Denne trykkblokka tilhører søstra mi, Anne Botten Stokke. Den er tegna etter eit teppe som er trykt på farsgarden til farmora vår Karen, og skåret ut av ei dame på Dovre. Som einaste utvalde har eg fått lånt denne trykkblokka. I tillegg til å trykke seteunderlag har eg nytta denne på storfellen min.



Trykking av motiv på ferdige produkt gjer at det vert unikt. Med namn vert det personlig, og med tal gløymer du ikkje kva år du til dømes bygde hytta.

Eller det året du fann kjærleiken <3

Fint med eit personleg gåve til ein god ven



Den varmaste dåpsgåva.

Endå meir personleg kan det gjerast om ein får laga trykkblokker av favoritthunden.



Seteunderlag for hjortejegarar. Dette skinnet har eg kjøpt. Det er ekstra tjukt og med dette vert du ikkje "frostig" på post.

Det er kjekt å ha trykkblokker ingen andre har. Og sikraste måten å få det på, er å teikne dei sjølv.





Ein kan også lage små historier ved å sette saman ulike motiv. Dette må vel kalles "Markens Grøde".



Sjablongar er ikkje særleg egna til skinntrykk, men her har eg prøvd meg likevel. Eg teikna konturane av sjablongen med tekstiltusj, og deretter brukte eg ein passe brei pensel for å fylle inn farge på katten. I kombinasjon med hjerte-trykkblokker fekk eg biletet eg var ute etter.